I dag er det Geilos egen Daniel Kvammen som presenterer sine favorittjulelåter. Utvalget viser at 27-åringen har et nært og ikke minst reflektert forhold til dette med julesanger. Lenger ned i saken kan du lese hva han skriver om valgene sine og høre låtene samlet i Spotify- og Tidal-lister.

Daniel Kvammen har hatt et godt og svært produktivt 2015 hvor han har endret status fra ung og lovende til godt etablert og i grunnen ganske så populær. I 2013 dukket han opp med en flott sjutommers single med låtene «Ingen vega utenom» og «Alt for mykje tå alt for lite», to forholdsvis nedpå sanger på brei Geilo-dialekt, og til jul samme år slapp han julesinglen «23. desember» digitalt. Den ble imidlertid trukket tilbake og ble sluppet på nytt for noen uker siden. Jeg har tillatt meg å legge ved videoen lenger ned på siden. Jeg har også lagt ved en YouTube-lenke til Kanye Wests «Christmas In Harlem» siden den kun er tilgjengelig i Tidal. Den må nemlig høres.

Sjekk også favorittene til Thea Glenton Raknes

Året ellers har bragt med seg Daniels debutalbum Fremad i alle retninga anført av årets aller beste låt, «Du fortenar ein som meg», et breailt mesterverk som stadig låter ufattelig friskt og fint, og videre EPen 1988 der vi blant annet kunne høre den gnistrende «Fuck deg, helsing 90-talet». Og for to dager siden var Daniel jaggu gjest hos Christine Dancke på NRK p3 der han spilte en gjendiktet og veldig fin versjon av Wham!-klassikeren «Last Christmas» som han har kalt «Siste advent». Hør den her:

Avslutningsvis må jeg få nevne at Daniel også har bygd seg godt opp som liveartist det siste året, og i kveld står han på scenen på Rockefeller. Det er ikke mange månedene siden jeg så ham på John Dee, for å si det sånn. Well done, Daniel! Nå er ordet ditt!

1. Alf Prøysen – «Romjulsdrøm»

Kliner til med ein klassiker frå startstreken. Personlig er eg veldig glad i tradisjonsrik jul, og slik sett står gamle klassikera sentralt musikalsk. Kanskje reflekterar dei ein eller anna underligande trang til å vende tilbake til barndommen. I den sammenheng er det jo heilt på sin plass å starte med denna innertieren av ein lillebror til «Julekveldsvisa». Ein nydelig låt om det uskyldig og barnslige i juleferinga.

2. Ingebjørg Bratland – «Mitt hjerte alltid vanker»

Strengt tatt ein av våre aller mest klassiske folketonar. Ein heilt utrulig melodi og ein voldsom tekst. Når det gjeldt tru er det jo mykje som kan seiast, men for å gjøra det kort: eg har ein liten fascinasjon for religiøse tekstar og spesielt kristelige, som jo står nært knytta til norsk folkemusikk. Frå oppveksten av har eg vel egentlig i utgangspunktet eit forhold til Sondre Bratland sin versjon av denna låta, men eg må si at denna versjonen av Vinjes andre store Bratland virkelig er hakket kvassare. Ei enorm stemme blanda med eit klassisk nordisk jazzlandskap. Noko av det råaste eg har høyrt av Ingebjørg Bratland.

I morgen spiller Sunturns på Parkteatret. Les anmeldelsen av deres ferske juleplate her. 

3. Kari Bremnes – «E du nord»

Er detta egentlig ei julelåt? Kanskje ikkje, men desember og Guds nåde blir nemnt, så då er me good tenker eg. Og mest av alt syns eg denna er så hinsides fin, så den får ein plass her. Ein heilt nydelig låt om det ein kan definere som den nordlige einsemda. Mørketid og svartsinn. Kom vel i juletider for nokre år sida, om eg hugser riktig. Ein maktdemonstrasjon av Kari Bremnes. Ein fin påminnelse på at me ikkje skal glømme dei største.

Her er deLillos-gitarist Lars Lundevalls julefavoritter

4. Bugge Wesseltoft – «Det kimer nå til julefest»

Detta er jo litt som å anbefale Michael Jackson med Thriller til nokon som er glad i pop, men fader, det er jul, det er jo klassikera det handler om. Og detta er jo virkelig ein moderne ein, som sådan. Her er det jo egentlig på sin plass å henvise til It’s Snowing On My Piano-plata i sin heilhet. Eit slags meta-kontemplativt verk oppe i alle julestaffasjen. Nokon fantastiske variasjonar på kjente og mindre kjente julelåtar.

5. Low – «Just Like Christmas»

Kanskje eg out on a limb her no, men eg må si at eg ikkje er noko stor fan av amerikanisert indiejul, som eg har døpt bevegelsen. Eit fenomen som har fått ganske sterkt fotfeste dei siste ti åra. Altså, julelåtar, gjerne nyskrivne, med såkalte alternative arrangement, kor den overordna ideen er å formidle noko som står i kontrast til den tradisjonelle julemusikken. For all del; det er veldig mykje julemusikk som er alt for polert. Men eg føler detta kontrapunktet ofte blir ganske plumpt. Framgangsmåten er tilsynelatande: Skriv ein heilt gjennomsnittlig poplåt, putt på nokon skranglete gitarar og piano, skriv ein tekst som tar for seg div. standariserte julescenario, fyll på med mykje klokkespel og bjeller. Noko som fort blir veldig krampeaktig. Detta er jo imidlertid veldig generaliserende frå min side, og ingen reglar utta unntak, osv. Eg må si at etter å ha jobba i platebutikk i hovedstaden i mange år så har denne mildt sagt ikoniske indieklassikeren snike seg inn som ein favoritt. Den er vel definisjonen av urban jul for meg. Spesialtilpassa for førjulsopphold i byen. Forøvrig morsomt at låta med tekstlinja «and you said it was just like Christmas, but you were wrong, it wasn’t like Christmas at all» har fått så sterk standing i jula. Viser vel berre at tekstelig tolkning, på lik linje med musikalske preferansar, er ein ganske abstrakt øvelse.

Kaja Gunnufsen har disse favorittjulelåtene

6. Sondre Bratland – «Det hev ei rosa sprunge»

Tilbake til Vinje og tilbake til tradisjonmusikken. Eg er stor fan av Sondre Bratland, og her tek han jo for seg ei jo han ein stor og tradisjonsrik julesalme på upåklagelig vis. Syns også lydlandskapet på 80/90-tals Bratland-innspellingar er veldig spennande. Store og luftige klanglandskap. Ref: gitarsoloen på denne innspelinga frå Rosa frå Betlehem.

7. Daniel Kvammen – «23. desember»

Eg er frekk nok til å legge til mitt eget lille bidrag til juleliturgien her. Eg ga ut denna låta no i starten av desember, som eit lite «takk for meg i 2015». Ein skildring av eit skakkjørt jule-scenario, der ikkje alt er så fredfylt som standarden kanskje skulle tilsi. Det er jo ofte slik det er: Full rakning over bagatellar i heimen, mens ein helst vil rømme åsteden. 23. desember var vel med andre ord egentlig ikkje tenkt som ein rett fram julelåt, per definisjon, men meir som ein reell gjengivelse av ein del av jula slik eg kjenner den. Og det er eg kanskje ikkje heilt aleine om. Noko realt opplegg henta frå virkeligheita.

8. Kanye West – «Christmas in Harlem»

Apropos tidligare nevnte argument rundt fornying av julemusikk: Detta syns eg virkelig er ein nymotens juleklassiker. Kanye som greier å fange noko av det erkeamerikanske juleutrykket som ein finner på platene til Ella Fitzgerald og Bing Crosby, blanda med ein moderne hip hop-produksjon. Merker at eg har ein merkelig nær relasjon til denna låta som strengt tatt handler om å feire jul i New York.

9 Joni Mitchell – «River»

Ko skal ein si om detta som ikkje allereie er sagt? Ein av tidenes største singer-songwritera, i eit av hennas sterkaste augeblikk. Lengsel og usikkerhet formidla på eit heilt eksepsjonelt vis. Og med jula som rammeverk.

Her finner du alle de tidligere bidragsyterne samlet

10. Sølvguttene – «Deilig er jorden»

Virkelig ein av mine absolutte favoritt-julesalmer. Ein sang som sjølvsagt er kjent for uss alle, men med god grunn. I populærmusikken føler eg ofte at ein leiter etter detta perfekte møtepunktet mellom melodi og tekst, som opphøger dei begge til å bli noko større enn bestanddelane, og «Deilig er jorden» er virkelig eit heilt strålande eksempel på detta. Det er noko veldig stort over denne låta, mens den kjennes utrulig almenn på sama tid. Denne versjonen av Sølvguttene er virkelig flott, men heilt ærlig syns eg «Deilig er jorden» er ein slik låt som gjør seg best når den er sunge av vanlige folk, i eit blandakor, i ei kyrkje langt ute i gokk.

Få også med deg Eriks definitive juleliste