Turen er kommet til at hedersmannen, den svært dyktige sanger-låtskriveren og Dylan-tolkeren Tom Roger Aadland, skal få presentere sine julefavoritter. Haugesunderen Tom Roger debuterte som artist i godt voksen alder med albumet Obviously Embraced i 2007, innspilt med irske musikere i Dublin, og vakte betydelig oppsikt da han to år senere ga ut albumet Blod på spora, en svært vellykket gjendiktning og tolkning av det som muligens er mitt favoritt-Dylan-album, Blood On The Tracks. Siden den gang har han gitt ut tre fine album, senest Rapport frå eit grensehotell som kom tidligere i år der singlen «Like til mi dør» fikk veldig god mottagelse. Albumet havnet også på min egen toppliste for 2015.

Men nå skal det handle om jul her, og Tom Roger er klar til å tegne og forklare om sine valg. Det er vel ingen overraskelse at Bob Dylan er blant dem. Nederst på siden får du dem samlet i spillelister, både i Tidal og Spotify, så da er det bare å hygge seg. Eneste unntak er Crosby og Bowie som du kan se på video. God fornøyelse!

1. Georg Friedrich Händel: «Comfort ye, my people»

Händel skreiv Messias i løpet av 24 dagar hausten 1741. Eg veit om fleire som har gjort det til ein tradisjon å reise til London for å høyre Messias framført i adventstida, men urframføringa fann stad i Dubli.

2. Tom Waits: «Christmas Card From A Hooker In Minneapolis»

«Charlie, I’m pregnant.» Kanskje ikkje det einaste julekortet med denne byrjinga, men absolutt det mest vidgjetne. Då Waits blei intervjua av ei norsk avis, ville han vite om det stemte at me hadde eit ordtak som sa at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege klede.

Her er favorittjulelåtene til Thea Glenton Raknes

3. Oslo Domkor: «Deilig er jorden» Denne vakre julesalma er skriven av B.S. Ingemann til ein schlesisk folkemelodi. Størsteparten av Schlesien ligg i dag i Polen, så songen er altså endå eit prov for at me ikkje klarar oss utan polakkar i Noreg.

4. David Bowie & Bing Crosby: «Little Drummer Boy»/»Peace On Earth»

Bing Crosby er mannen bak den bestseljande plata i historia med «White Christmas», men denne duetten med David Bowie er finare; ein klassikar på linje med Tre nøtter til Askepott og Grevinna og hovmeisteren. Crosby døydde mindre enn ein månad etter at TV-opptaket blei gjort.

5. Sølvguttene: «Det hev ei rose sprunge»

Dette er opphavleg ein katolsk tysk julesalme, med ein nydeleg melodi. Enkelte trur at ordet «ut» manglar til slutt her, men det går fint an å seie at ei rose spring på nynorsk, ho spring ut like fullt.

Les også: Årets fineste nye juleplate

6. Frank Sinatra: «Hark! The Herald Angels Sing»

Ol’ Blue Eyes hadde frasering, timing og klasse. Skulle gjerne opplevd han live i glansdagane, men me har jo platene.

7. Jussi Björling: «O helga natt»

Eg gjekk innom ein av dei største bokhandlarane i Stockholm ein gong og hadde tenkt å fylle boksamlinga mi opp med Göran Tunström på originalspråket, men dei hadde ingenting! At eg enno tenkjer på det, må bety at eg ikkje er over det.

8. Bob Dylan: «O Come All Ye Faithful»

Den opphavlege tittelen var «Adeste fideles», skriven av den engelske katolikken J.F. Wade på 1700-talet. Dylan har jo fletta inn både spansk og fransk i fleire av songane sine, men eg trur dette er einaste gong han syng på latin.

Her finner du alle artistene som tidligere har delt sine julefavoritter

9. Elias Akselsen: «Det lyser i stille grender»

Jacob Sande sine dikt kunne vere både morosame og morbide, men dette er rett og slett ein av dei vakraste norske julesalmane som er skrivne.

10. John & Yoko/Plastic Ono Band: «Happy Xmas (War Is Over)»

Er det mogleg å ikkje sakne John Lennon? Spel denne til jul, og «Imagine» på 17. mai, så kan me feire med betre stil.

Her er Eriks definitive juleliste