Mine julefavoritter – Egil Olsen

egilolsen2016 youandiforeverpromo02 1050x700 - Mine julefavoritter - Egil Olsen
Gullmannen Egil Olsen må ikke forveksles med Egil "Drillo" Olsen. Foto: Christian Berset

Når det er Egil Olsens tur til å dele sine favorittjulelåter med leserne av Mitt liv som Erik er det altså ikke den Egil Olsen jeg snakker om, altså en viss fotballtrener med kjælenavn Drillo, men den strålende talentfulle singer/songwriteren Egil Olsen fra Ørsta på Sunnmøre, i høst aktuell med den fine singlen “You And I Forever”.

Egil ble først kjent under aliaset Uncle’s Institution som 21-åring i 2001, men størsteparten av karrieren har han gitt ut plater under eget navn. Han bekjenner seg til helt klassisk gitarbasert låtskriverkunst, og at han har vært synlig i miljøet rundt The Margarets er ikke spesielt oppsiktsvekkende. De deler så til de grader inspirasjonskilder, men der The Margarets har hørt mye på The Smiths, har Egil konsentrert seg mer om Eels. Humor er også et virkemiddel i sangene hans, og det kan derfor være vanskelig å ta ham hundre prosent på alvor. Han kan rett og slett fremstå som ganske tøysete, men bak den humoristiske masken skjuler det seg en drivende dyktig låtsmed. Han har for øvrig gitt ut to julesingler, “Wonderful Feel” og “Santa Claus Is Gay”.

Se også: Favorittjulesangene til Helge Martin Framnes og Lars Beckstrøm

Tro heller ikke at Stein Torleif Bjella er den første som skriver en sang om bikkja med “Dreng” fra årets album Gode Liv. Det gjorde Egil allerede i 2007 i sangen “You And I (And The Dog)” fra albumet I Am A Singer/Songwriter.

Jeg har mottatt Egils manus til dette innlegget skrevet utelukkende med minuskler, altså små bokstaver, og siden jeg regner med at han har en god grunn til det har jeg latt teksten stå uredigert. Nederst på siden finner du valgene hans samlet i spillelister i Tidal og Spotify, og Aimee Mann-låta er dessverre bare tilgjengelig på Spotify. Over til Egil Olsen:

jeg så mamma kysse nissen – ole ivars

en av mine favorittmelodiar, sånn reint melodimessig. likar den norske teksta betre enn originalen. den er meir konkret og skaper litt meir angst og uro rundt observasjonen om mamma og nissen og pappa. fine, spennande setningar som “tenk om pappa hadde kommet inn” og “ingen ser at det er deg”. synest denne fangar både det dramatiske og det enkle og fine med å vere barn. likte ikkje songen so godt då eg var liten då den fekk meg til å bekymre meg over utroskap og skilsmisse.

everything’s gonna be cool this christmas – eels

eels må sjølvsagt med. dei har gitt ut to julesongar og nevner både christmas og december i eit par andre låtar og er kjend for hyppig bruk av både bjeller, kor, orgel og jingle bells i musikken sin. synest det er noko julete over eels generelt. denne covra eg og nokre kompisar i gågata i ørsta ein sommar i 2000. jepp, sommar.

here comes santa claus – elvis presley

har vokst opp med mykje elvis. har ein bror som er crazyfan og som var elvisimitator. han bygde studio i kjellaren i barndomsheimen og spelte inn uendelege mengder elvislåtar. også julesongane. har sikkert høyrt meir på bror min sine versjonar enn elvis sine. kjøpte juleplata til elvis på vinyl for nokre år sidan og den har blitt ei obligatorisk plate å snurre i juletider. denne er både fin og rockin.

romjulsdrøm – alf prøysen

min nabo, grethe, var eit år eldre enn meg. vi var kjærestar, litt sann av og på, i 4-5-6-årsalderen. det blei ein ting med denne songen, at eg var fire år i romjul og at eg kjente ei jente som var nesten fem.

you’re a mean one mr. grinch – aimee mann

hugsar eg var innom eit studio i LA i mai ein gong på midten av 2000talet. aimee mann var i studioet vegg i vegg og jobba med ei juleplate. one more drifter in the snow var plata. eg gjekk litt ekstra seint i gangane for å kanskje tilfeldigvis møte ho, og prøvde å sniklytte gjennom dei lydisolerte veggane. hugsar eg tenkte det var veldig profesjonelt å gå i studio midt i LA med steikande sol, på sommaren, og alikevel klare å skape julestemning. her har ho med seg grant lee phillips, ein anna favoritt.

rockin around the christmas tree – she & him

zooey deschanel har noko veldig julete over stemma si. ei ro, og noko klassisk, tidlaust og varmt. ho spelar også i julefilmen elf, som eg ofte ser i jula. “you have the most beautiful singing voice in the whole wide world” som will farrell seier i filmen.

frosty the snowman – fiona apple

det er noko med desse LA-artistane eg likar so godt. eels, she & him, aimee mann, grant lee og fiona apple (m. fl.) det er noko julete med dei. trur det er noko med melankolien og nostalgien blanda med romantikk, fargar og energi, med eit snev av humor.

last christmas – wham!

tenk å kalle seg wham! da. med ropetegn! bra bandnavn. hadde tilgang på eit keyboard med “last christmas” som demo-melodi i tenåra. den spelte i det uendelege og skifta lydar fra vers til vers. ein gong hørte vi den på repeat i fleire timar. likar eigentleg best den keyboardversjonen, men den er nok ikkje på spotify.

dead souls – nine inch nails (joy division cover – fra the crow soundtrack)
ikkje ein julesong, men ein song som gir meg klare bilder og minner fra jula 1998. aleine i bilen min. min første bil. nylig tatt lappen. mykje snø og oransje gatelykter. lite lyd fra hjula mot den kramme snøen. the crow-soundtracket på anlegget. eg likar å køyre bil og høyre på denne, spesielt på snø, i jula.

when you wish upon a star – gene simmons
i følge wikipedia er dette ein julesong berre her i skandinavia (og japan) pga julekavalkaden til disney som går på tv kvar jul. syntest alltid det var så kult og rart at gene simmons hadde med ein julesong på soloplata si. jaja, men den er veldig julete da. nydelig tekst.

2 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *