Siden det tar veldig mye tid og ressurser å lage en skikkelig musikalsk adventskalender har jeg bestemt meg for å poste noen av de fineste bidragene fra årene 2015-2017 da en rekke flotte norske artister skrev om sine favorittjulesanger for leserne av Mitt liv som Erik. Og hvem vet? Kanskje blir det helt nye bidrag til neste år? Den som lever får se.
I luke nummer 6 i min resirkulerte adventskalender finner vi Egil Olsen, som omsider er ute med helt nytt materiale, i første omgang i form av den aldeles nydelige singlen «Mouths To Feed». Det er den første nye låta han har gitt ut på tre år, den første i en rekke med singler som skal kulminere i et album høsten 2021. Om «Mouths To Feed» er representativ for kvaliteten kan jeg forsikre om at vi har store ting i vente. Før vi lar Egil gå løs på sine favorittjulesanger, synes jeg det er på sin plass å vise dere den splitter nye animasjonsvideoen han har laget til «Mouths To Feed».
Egil delte første gang sine julefavoritter med leserne av Mitt liv som Erik i 2016, og han skrev om dem konsekvent i minuskler. Det så jeg ingen grunn til å redigere den gang, og jeg gjør det heller ikke nå. Med dette – og et ønske om en god førjulstid – overlater jeg så ordet til Egil. Eller egil…
en av mine favorittmelodiar, sånn reint melodimessig. likar den norske teksta betre enn originalen. den er meir konkret og skaper litt meir angst og uro rundt observasjonen om mamma og nissen og pappa. fine, spennande setningar som «tenk om pappa hadde kommet inn» og «ingen ser at det er deg». synest denne fangar både det dramatiske og det enkle og fine med å vere barn. likte ikkje songen so godt då eg var liten då den fekk meg til å bekymre meg over utroskap og skilsmisse.
eels må sjølvsagt med. dei har gitt ut to julesongar og nevner både christmas og december i eit par andre låtar og er kjend for hyppig bruk av både bjeller, kor, orgel og jingle bells i musikken sin. synest det er noko julete over eels generelt. denne covra eg og nokre kompisar i gågata i ørsta ein sommar i 2000. jepp, sommar.
har vokst opp med mykje elvis. har ein bror som er crazyfan og som var elvisimitator. han bygde studio i kjellaren i barndomsheimen og spelte inn uendelege mengder elvislåtar. også julesongane. har sikkert høyrt meir på bror min sine versjonar enn elvis sine. kjøpte juleplata til elvis på vinyl for nokre år sidan og den har blitt ei obligatorisk plate å snurre i juletider. denne er både fin og rockin.
min nabo, grethe, var eit år eldre enn meg. vi var kjærestar, litt sann av og på, i 4-5-6-årsalderen. det blei ein ting med denne songen, at eg var fire år i romjul og at eg kjente ei jente som var nesten fem.
hugsar eg var innom eit studio i LA i mai ein gong på midten av 2000talet. aimee mann var i studioet vegg i vegg og jobba med ei juleplate. one more drifter in the snow var plata. eg gjekk litt ekstra seint i gangane for å kanskje tilfeldigvis møte ho, og prøvde å sniklytte gjennom dei lydisolerte veggane. hugsar eg tenkte det var veldig profesjonelt å gå i studio midt i LA med steikande sol, på sommaren, og alikevel klare å skape julestemning. her har ho med seg grant lee phillips, ein anna favoritt.
zooey deschanel har noko veldig julete over stemma si. ei ro, og noko klassisk, tidlaust og varmt. ho spelar også i julefilmen elf, som eg ofte ser i jula. «you have the most beautiful singing voice in the whole wide world» som will farrell seier i filmen.
det er noko med desse LA-artistane eg likar so godt. eels, she & him, aimee mann, grant lee og fiona apple (m. fl.) det er noko julete med dei. trur det er noko med melankolien og nostalgien blanda med romantikk, fargar og energi, med eit snev av humor.
tenk å kalle seg wham! da. med ropetegn! bra bandnavn. hadde tilgang på eit keyboard med «last christmas» som demo-melodi i tenåra. den spelte i det uendelege og skifta lydar fra vers til vers. ein gong hørte vi den på repeat i fleire timar. likar eigentleg best den keyboardversjonen, men den er nok ikkje på spotify.
ikkje ein julesong, men ein song som gir meg klare bilder og minner fra jula 1998. aleine i bilen min. min første bil. nylig tatt lappen. mykje snø og oransje gatelykter. lite lyd fra hjula mot den kramme snøen. the crow-soundtracket på anlegget. eg likar å køyre bil og høyre på denne, spesielt på snø, i jula.
when you wish upon a star – gene simmons
i følge wikipedia er dette ein julesong berre her i skandinavia (og japan) pga julekavalkaden til disney som går på tv kvar jul. syntest alltid det var så kult og rart at gene simmons hadde med ein julesong på soloplata si. jaja, men den er veldig julete da. nydelig tekst.
Sjekk også: Signe Marie Rustads favorittjulesanger